Skipavika juni 2022.

Etablerer ny foredlingsfabrikk i Gulen

Viking Aqua opplyser at styret i selskapet går vidare med planane om å etablere ein topp moderne fiskeforedlingsfabrikk i tilknytning til det landbaserte lakseanlegget som skal byggast i Skipavika i Gulen.

Publisert Sist oppdatert

Viking Aqua har løyve og planar om produksjon av 33.000 tonn laks årleg ved lokasjonen i Gulen. Dette betyr handtering av 75-150 tonn eigen produsert laks dagleg. Noverande framdriftsplan tilseier oppstart produksjon i 2025, opplyser selskapet.

Skånsom handtering av laksen

Styreleiar Stein Inge Larsen.

Selskapet skriv at i seg sjølv vil kun vidareforedling av eigen fisk vere motivasjon nok til utvikle og etablere fiskeforedling i tilknytning til lakseoppdrettet, men analyser viser at det kan vere hensiktsmessig å etablere kapasitet til å handtere eit volum på 300 tonn laks per døgn.

- Dette betyr at fabrikken har kapasitet til å motta ekstern fisk på 150-200 tonn dagleg. Utviklinga viser meir slakt ved merdkanten. Dette set andre krav til logistikk ved mottaksanlegg enn det tyngda av foredlingsfabrikkane har i dag. Vidare er det behov for å utnytte 100% av laksen, og gjere dette med høgste kvalitet, heiter det i pressemeldinga.

- Førebels design av fiskeforedlingsfabrikken tek høgde for effektiv og skånsom handtering av laksen i mottaksfasen, samt foredlingslinjer som kan utnytte dei ulike produkta som laksen kan gje. Laksen er meir enn Head-on-gutted (HOG) i fersk eller fryst form. Samla sett vert 3 av 4 laks solgt utan ytterlegare bearbeiding enn HOG. Marknadsutvikling for vidareforedla produkt tyder på at etterspurnaden etter filet-produkt er aukane, samt at det etablerer seg økonomiske attraktive marknader for sekundær-produkt. Vi meinar derfor det rette tidsvindauge for ein ny topp moderne fiskeforedlingsfabrikk på Vestlandet, og her kanskje spesielt i gamle Sogn og Fjordane, no er ope, uttaler styreleiar Stein Inge Larsen.

Ei optimal tid å bygge på

Kristian Torsvik, prosjektleiar fiskeforedling i Viking Aqua.

Kristian Torsvik, prosjektleiar fiskeforedling i Viking Aqua meiner bransjen står ovanfor ei dramatisk teknologi-endring, som lenar seg mot effektivitet, automasjon, fiskevelferd og bærekraft. Ambisjonen er betre og meir konsistent behandling av fisk, samt maksimal utnytting av produktet. Difor er dette er ei optimal tid å bygge ein slik fabrikk.

Larsen legg vidare til at selskapet ønskjer avtaler med lokale og regionale oppdrettarar for å oppnå eit stabilt slaktevolum.

- Ei rettvis fordeling av dei verdiane laksen skaper i alle deler av verdikjeden er viktig for langsiktige relasjonar. Den geografiske lokaliteten og infrastrukturen, skal saman med bruk av best mogeleg teknologi, sørge for konkurransedyktig leveranser til oppdrettarar både med omsyn til noverande og planlagde pakkestasjonar i regionen. Slakting og pakking av laks kan vere sensitivt, og ein skal ha respekt og vere ærleg ovanfor den enkelte oppdrettar sine ønskjer og behov. Dette er viktige verdiar for den verksemda vi søker å få etablert, avsluttar styreleiar Stein Inge Larsen.