Ovum melder at dei hadde nok ein vellukka postsmolt produksjon frå «Egget».

Andre runde med postsmolt tatt opp frå «Egget»

Ovum melder at dei hadde nok ein vellukka postsmolt produksjon frå «Egget».

Historias andre uttak av postsmolt (996 gram) frå Egget er gjennomført. Resultata er svært gode, melder selskapet i ei oppdatering på LinkedIn sida deira fredag ettermiddag.  

- Vi gler oss stort over eit vellukka andre uttak av fisk frå «Egget», seier dagleg leiar Cato Lyngøy.

- Sjølve fiskeproduksjonen viste same fine resultat som første runde med 1,25% dødelighet og forfaktor på 0,86. Korkje lus eller sjukdom er eit problem for fisken som får vekse i «Egget», seier fiskehelsedirektør Siri Vike i Ovum.

Ho legg til at forventinga var høg etter første runden og det er utruleg godt å få stadfesta resultatet.

- Første gongen me tok ut fisk var me ikkje nøgde. Det var det derfor med spenning me tok fatt på andre fiskegruppa med modifisert trengesystem. Denne gongen gjekk det som du burde gjer med berre 45 stk fisk som gjekk tapt. Vi gler oss stort over eit vellukka andre uttak av fisk frå «Egget», seier dagleg leiar Cato Lyngøy. 

- Fiskens velferd og berekraftig havbruk står øvst på Ovums agenda. Teknologien fungerer og gir oppsiktsvekkjande gode resultat, vi gler oss allereie til neste runde i 2024. Men først skal me gjennom ein revisjon der me ynskjer å gjera ei rekkje forbedringer, fortel han.