Søndag 9. oktober vart den fyrste fisken satt inn i «Egget». Dei nyinnflytta er 50 000 sølvblanke 150 grams laksesmolt.

- Då var det fisk i «Egget»

Etter mange års planlegging vart det søndag 9. oktober satt inn fisk for fyrste gong i det flytende postsmoltanlegget «Egget».

Publisert

Ovum (Hauge Aqua) sitt flytende postsmoltanlegg «Egget» E2000 har dei siste månedane gjort dei siste uttestingane på lokalitet Gjermundnes i Romsdalsfjorden. Mandag ettermiddag melder selskapet at dei no har fått satt inn fisk i anlegget.

På LinkedIn skriv selskapet at etter ti år med planlegging og i det siste hektiske veker med førebuingar, var endeleg både fisk, folk og «Egget» klart.

Rostein sin brønnbåt «Robris» leverte 50 000 laksesmolt fra Eik Settefisk søndag.

- Søndag 9. oktober vart den fyrste fisken satt inn i «Egget». Dei nyinnflytta er 50 000 sølvblanke 150 grams laksesmolt. Fisken kjem frå Eik Settefisk, og har blitt servert supersmolt-fôr dei siste vekene, skriv Ovum.

Les fleire Kyst.no sakar om Egget her.

- Merkedag

Dei påpeiker at det var ein spent velkomstkomité som tok imot den første fisken.

- Smolten virra litt rundt i starten, men det tok ikkje lang tid før den starta å stime langs kanten, som vi håpa på.

- Dette er ein merkedag for oss som arbeider med egg-teknologien. Å koma hit har ikkje gått knirkefritt. Desto større er det når denne milepålen er nådd, seier ein oppglødd Cato Lyngøy.

Les også: - Utrolig tilfredsstillende å se at «Egget» flyter

Transporten gjekk med Rostein sin brønnbåt «Robris». Framover er det Øyvind Våge og hans team i Prophylaxia på lokalitet Gjermundnes som skal drifte Egget saman med Ovum.

- Dette er proof of concept i praksis. No får me bekrefta om det me har tenkt stemmer, både biologisk, teknisk og kommersielt, seier Siri Vike og Trond Severinsen, som var til stades frå leiinga i Ovum.

«Egget» på lokalitet Gjermundnes i Romsdalsfjorden.

Banar veg for hovudprosjektet

«Egget» er laga i sandwich kompositt, og i fyrste omgang er det blitt bygd eit egg på 21 meters høyde og 15 meter i diameter som har 1850 kubikkmeter vatn som oppdrettsvolum. Dette er kun ein tidel av volumet, men baner veg for hovedprosjektets 44 meter høge egg.

På tross av at denne fyrste versjonen kalles «MiniEgget», er det ingenting mini med delane av anlegget som Herde Kompositt har satt saman. Konseptet er eit lukka oppdrettsanlegg med gjennomstrømming, der vatnet pumpast inn frå botn og siles før det sleppes ut i sjøen. Les meir om prosjektet her.