Marie Løyning (22) fortel at jobben som driftsteknikar hos Mowi Fjæra Settefisk er både spanande, krevjande og interessant.

Utplasseringa hos Mowi gav meirsmak

Ei utplassering Marie Løyning hadde på vidaregåande der ho jobba på eit sjøanlegg, gjorde at 22-åringen valte å utdanne seg innan havbruk, og sidan fekk jobb i Mowi Fjæra Settefisk.

Publisert Sist oppdatert

På Fjæra i Etne kommune har Mowi bygd eit stort landbaserte settefiskanlegg på 7000 kvm. Anlegget har generert totalt 17 arbeidsplassar i den bygda, der det til vanleg bur ni fastbuande.

Ei av dei som jobbar ved settefiskanlegget er driftsteknikar Marie Løyning (22), som kjem frå nabobygda Skare, som ligg berre 15 minutt unna anlegget.

Ved settefiskanlegget til Mowi Fjæra produseres smolt til oppdrettsselskapets sjøanlegg i Vestland, Rogaland og Agder.

- Grunnen til at eg starta i jobben som driftsteknikar hos Mowi Fjæra, var interessa eg fekk for akvakultur under ein utplasseringsperiode på vidaregåande. Eg var så heldig og fekk utplassering hos MOWI på eit sjøanlegg som verkeleg gav meirsmak. Oppdrettsnæringa er ei framtidsretta næring som eg ynskjer å væra ein del av og forhåpentlegvis bidra med fokus på berekraft og innovasjon.

Utplasseringa forenkla valet

På vidaregåande gjekk 22-åringen Villmarkslinja på Voss Vidaregåande skule der det var moglegheit for praksis. Praksisperioden hadde ho hos Mowi på eit sjøanlegg nær Ænes i Kvinnherad Kommune.

- Denne praksisperiode forenkla valet mitt av studieretning, og gjorde at eg ynskja å bli ein del av den raskt veksande næringa.

Retninga vart noko innan maritime fag, og tilslutt falt valet på Biomarin Innovasjon ved NTNU i Ålesund.

- Det er eit tverrfagleg studium som kombinerer marine fag med innovasjon og berekraft. Studiet dekker alt frå akvakultur, mikrobiologi, foredling; til økonomi, marknadsføring og personalleiing. Eg leverte bacheloroppgåva mi i slutten av mai 2022, og starta i fast jobb hos Mowi Fjæra 1. juni, opplyser ho.

Driftstekniker Marie Løyning fortel det er mykje å passa på når man driftar eit RAS-anlegg, og mange parameter man må sjekke.
- Hovudoppgåva mi er å sjå til oppdrettsfisken slik at den har optimale forhold for god vekst og høg trivsel, seier Løyning.

- Fiskevelferd er en viktig del av jobben

Stillinga til Løyning er driftsteknikar, med ein turnusordning som inkluderer vakt, og arbeidsoppgåvene varierer frå dag til dag.

- Hovudoppgåva mi er å sjå til oppdrettsfisken slik at den har optimale forhold for god vekst og høg trivsel. Nokon oppgåver eg gjer kvar dag er fôring og kontinuerleg overvaking av faktorar som påverkar korleis fisken har det. Fiskevelferd er ein viktig del av arbeidet me gjer, der me har fleire målarar og komponentar for å sikre optimale forhold, opplyser ho.

Løyning seier ho var godt kjent med anlegget før ho starta i juli, for ho hadde nemleg allereie jobba to år som vikar under studietida.

Å jobba som driftsteknikar på Mowi Fjæra meiner Marie Løyning er midt i blinken for ho, og arbeidsplassen ligg berre 15 minutter unna heimbygda Skare.

- Den første tida som fast tilsett har vore veldig kjekk og lærerik. Eg er svært glad i ein variert arbeidsdag og trivs veldig godt i jobben, med flinke kollegaer rundt meg som skapar godt miljø på arbeidsplassen.

En typisk dag på jobb fortel ho startar med å sjekke forholda til fisken.

- Er det noko som har forandra seg sidan dagen før. Det kan væra temperatur, salinitet, oksygen, vassnivå, pH osv. Vidare er det å ta vassprøve frå avdelinga for å sjekke vasskvaliteten.

Deretter er neste punkt på dagen fôring.

- Det er viktig å fôra fisken slik at den er mett, men utan at noko fôr kjem i retur. Det må derfor følges med på fleire gonger om dagen. Når driftsteknikaren har forsikra seg om at fisken har det bra er det viktig å kontrollere alle komponentane i RAS, og sjekke at de fungerer som de skal. Andre ting er vedlikehald, vask og reingjering, legg ho til.

Ser fram til utvida anlegg

Å jobba med settefisk meiner 22-åringen er eit veldig kjekt og variert arbeid.

- Det dukkar som oftast opp noko uforutsett kvar dag, som gjer at ein aldri blir utlært. På eit RAS-anlegg er det mange tekniske komponenter å halda styr på. Det som både er spanande og krevjande med å jobbe på eit settefiskanlegg er å få optimal tilvekst, samt at alle komponentane må fungere for eit best mogleg resultat, påpeiker ho.

Målet til 22-åringen er å bidra med både kunnskapen ho har tileigna seg gjennom studiet og motivasjonen ho har for vidareutvikling og forbetring.

- Samtidig ynskjer eg å bidra så godt eg kan med oppstart av ny postsmolt-avdeling som no er under bygging. Det gleder eg meg til, seier ho avslutningsvis.

På Mowi Fjæra er arbeidet med det andre byggetrinnet av settefiskanlegget godt i gong. Det skal byggast eitt nytt postsmoltanlegg i to modular, samt eitt teknisk bygg.