
Han er ny driftsleiar for Onarheim Bruk
– Å jobbe med oppdrett av rensefisk er berekraftig og viktig
Rune Tangedal Almås (56) har tatt over som driftsleiar ved det landbaserte rensefiskanlegget Onarheim Bruk AS.
Med lang leiarerfaring og engasjement for berekraft, ser han fram til å bidra i produksjonen for Alsaker Fjordbruk.
12. mai 2025 hadde Almås sin første dag i den nye stillinga. Oppstarten ved det landbaserte anlegget på Onarheim har vore både hektisk og lærerik.
– Eg starta i ny jobb som driftsleiar hjå Onarheim Bruk AS 12. mai 2025. Oppstarten har vore god, og det er både travelt og interessant å sette seg inn i nye system, og å bli kjent med folk og finne fram på anlegget. Eg har blitt tatt godt imot, og det sét eg stor pris på. Ein merkar straks at dette er eit firma som bryr seg om dei tilsette og som vil byggja eit godt lag, seier han til LandbasedAQ.
Onarheim Bruk har i dag 9–10 tilsette og produserer rensefisk for Alsaker Fjordbruk. Almås har fått ansvaret for den daglege drifta.
Klart ansvar for drift og resultat
I rolla som driftsleiar får han ei sentral rolle i oppfølging av produksjonen.
– Som driftsleiar har eg det overordna ansvaret for drifta og produksjonen av rensefisk, noko som innebér personalansvar, innkjøp, oppfølging av produksjon og sørge for at me når dei måla vi har sett oss. Det ser eg fram til å bidra til.
At han søkte stillinga var ikkje tilfeldig, men resultat av ei konkret oppmoding.
– Eg var heldig og vart oppmoda om å søke, og likte svært godt både folka og det som møtte meg hjå Alsaker og Onarheim Bruk.
Frå logistikk til havbruk
Almås har lang erfaring frå ulike typar drift og leiing, men kom først inn i havbruksnæringa i 2021.
– På sett og vis var det litt tilfeldig. Då eg byrja å jobba med rensefisk i 2021, var eg motivert for eit byte frå leiarstillingar innan logistikk, transport og basedrift. Eg har trivdest godt i næringa og ser fram til å arbeide vidare med dette.
56-åringen er oppteken av at produksjon av rensefisk på land har ei viktig rolle i berekraftig oppdrett.
– Elles motiverast eg av at å jobbe med oppdrett av rensefisk er bærekraftig og viktig for at ikkje fjordane skal verte tømde for leppefisk.
Lagbygging som leiarfilosofi
Det å skapa ein god arbeidsplass er noko han legg stor vekt på i sitt leiararbeid.

– Å bygge eit godt lag og å oppnå mål motiverar meg. Når eg går inn i ei ny stilling er det viktig for meg å skape eit godt arbeidsmiljø der den enkelte medarbeider vert sett, får ansvar og trivest på jobb. Då skapast eit eigarforhold til det me held på med, og det gir resultat.
Kystnært utgangspunkt
Rune Tangedal Almås er både oppvaksen og busett på Stord – ein kystkommune med næringslivstradisjonar innan både industri og oppdrett.
– Eg er busett på Stord, ei øy der det har vore mykje entrepenørskap og utvikling av ulike typar næringar. Å bu langs kysten gjer det naturleg å arbeide med fisk! Eg er oppvaksen på Stord og har familie buande i nærområdet.
Med utdanning innan logistikk, økonomi og administrasjon, og omfattande erfaring frå både transport, basedrift og rensefisk, går han no inn i rolla med sterk motivasjon:
– Eg ser fram til å bidra, og til å vidareutvikle det me held på med her ved Onarheim Bruk, avsluttar han.