Klargjer tomt – no jaktar dei rett RAS-løysing
ABM ryddar no tomta på Atløy og førebur første byggjetrinn av det landbaserte postsmoltanlegget. Selskapet ser også etter partnarar og RAS-løysing.
I februar 2025 fekk ABM løyve frå Vestland fylkeskommune til å produsere inntil 4 000 tonn postsmolt av laks, aure og regnbogeaure i Askvoll kommune. Anlegget skal etablerast på eit ferdig regulert industriområde eigd av Atløy Båt & Marina.
Det er gründer Ove Vilnes som står bak selskapet ABM, og han fortalde i april at selskapet ikkje treng å sprengja ein einaste stein for å starte arbeidet.
Åtte månader seinare fortel Vilnes at selskapet no ryddar industriområdet ved marinaen, samtidig som dei sonderer marknaden for både samarbeidspartnarar, investorar og framtidsretta RAS-løysingar.
– Me arbeider med prosjektet og klargjer området med hjelp av lokale krefter, opplyser gründer og dagleg leiar Ove N. Vilnes til LandbasedAQ.
Prosjektet blir førebels finansiert gjennom eigenkapital frå Artic Group si selskapsstruktur. Fyrste byggjetrinn omfattar ein planlagt årsproduksjon på om lag 1 600 tonn smolt med snittvekt på 1 000 gram.
– For fyrste byggjetrinn nyttar me eksisterande planert tomt, veg, stor hall og bygg. Det er ein del utvendig arbeid som står att når det gjeld mellom anna røyrgater for sjøvatn inn, reinsing og utslepp, seier Vilnes til LandbasedAQ.
Satsar på RAS
Tomta er på om lag 8 000 kvadratmeter og er ferdig planert, med stålhall for karproduksjon allereie oppført. Området kan utvidast til 18 000 kvadratmeter, og har djupvasskai på rundt 50 meter, noko som gjer det mogleg å ta imot større fartøy.
Produksjonen er planlagt som eit lukka, landbasert anlegg basert på avsaltet sjøvatn og RAS-teknologi, der alt prosessvatn blir reinsa før utslepp.
Opnar for fleire partnarar
Parallelt med klargjeringa går det føre seg dialog med både oppdrettarar og investorar om vidare utbygging og drift.
– Val av potensielle samarbeidspartnarar er i gang, og me har både oppdrettarar og investorar som ser prosjektet som svært interessant. Samstundes er det rom for fleire førespurnader, opplyser Vilnes til LandbasedAQ.
Han peikar på at aktørar som ønskjer å vere med frå start, no har ei moglegheit.
– Dei som finn det attraktivt å vere med og raskt starte produksjon av postsmolt på Atløy, kan no bli med på laget, seier han.
Har ikkje valt RAS-leverandør
ABM har enno ikkje valt leverandør av RAS-anlegget, og sonderer no marknaden for å finne ei teknologisk løysing som er best rusta for framtida.
– Eventuelle nye aksjonærar og samarbeidspartnarar med rett kompetanse må sjølvsagt vere ein del av den avgjerdsprosessen, seier Vilnes til LandbasedAQ.
Han understrekar at signala rundt prosjektet så langt har vore gjennomgåande positive.
– Me har berre gode erfaringar. Kommunen og lokalbefolkninga er svært interesserte og positivt innstilte, avsluttar Vilnes.