Doblar postsmolt-kapasiteten
Erko Settefisk i Sagvåg bygger no eit nytt RAS-anlegg på sjøvatten for produksjon av postsmolt, ved det nye anlegget dei fekk i drift i fjor. Bygginga er nok eit strategisk grep for å redusere produksjonstida i sjø. - Ein ny modul gjev dobbelt så mykje fisk, fortel dagleg leiar Rune Sandvik til kyst.no.
Denne artikkelen er eldre enn to år.
I byrjinga av september 2015 sat Erko Settefisk i Sagvåg inn 260 000, 90 grams smolt inn i Modul 1. I midten av desember same året var fisken rundt halvkiloet og vart då sett ut i sjøen. No set dei inn femte generasjonen i påveksanlegget og ifølgje Sandvik er det høgt tempo i postsmolt-produksjonen.
- Me har hatt opptil 400 000 fisk i eit innsett og me reknar cirka tre månadar på ein generasjon og fram til no klarar me fire årleg, seier han.
Les også: - Postsmolt-produksjonen går som ei kule
- Små justeringar
Det eksisterande anlegget i Sagvåg er eit RAS-anlegg på sjøvatten, og inneheld fire firkanta kar på 1150 kubikk.
- Modul 2 vært tilsvarande som den fyrste med berre små justeringar, då det har fungert bra. Me har truffe både med teknikken og på pumpestorleikar. Me vonar modulen er ferdig til hausten neste år, seier Sandvik.
- Når det gjeld biofiltra har dei og fungert greitt, men me har jo sjølvsagt lært mykje her då det ikkje var noko skriven fasit på førehand, legg han til.
Slaktar fyrste generasjonen
Når det gjeld optimal tettleik har dei så langt ikkje forska tett på dette, med nemneverdige resultat å vise til, sjølv om dei på sikt vil finne den optimale tettleiken.
- Førebels testar me ikkje «grenser» på tettleiken, då sjølve produksjonen har gått bra. På tre månadar ligg fisken i snitt på mellom 5-600 gram og me har landa på at reint teknisk er dette storleiken som er best å produsere i dette anlegget, seier den daglege leiaren.
Siktar mot 10 månaders produksjonstid
Fisken som vart sett i sjø i slutten av fjoråret skal no slaktast. Om den har prestert betre enn tradisjonell smolt, fortel han førebels er for tidleg å konkludera på.
- All fisken me produserar vert sett ut i merdar på Vestlandet og har måtte takla lakselusa, slik som alle andre. Grunna dette reknar me no ei produksjonstid på 11-12 månader i sjø, men målet er at me skal få det til på ti, seier han.
Han påpeikar at selskapet i dag er i rute når det gjeldt både tilvekst på fisken i anlegget og på generasjonar sett ut i sjø.
- Me har ikkje møtt på noka avskrekkande, og utfordringar som har dukka opp og me har løyst til no, er ikkje anna enn me venta på førehand, informerar han.
Eit unikt anlegg
Norwegian Fishfarming Technologies (NOFITECH) har stått for bygginga av anlegget og starta med Modul 1 i oktober 2014. Anlegget består mellom anna av tekniske rom, ein liten lab, eit hygiene/påkledningsrom og ein produksjonshall med kontrollrom.
Vatnet i kara vert oppvarma og vasstellaren viser at det går inn mellom 3-400 liter vatten i minuttet, medan dei resirkulerer cirka 50 m3 vatten på same tid.
– Maks inngåande vatten tenkjer me skal vere på rundt 700 liter i minuttet i eit fullt anlegg. Me vonar likevel å ligge på mellom 3-400 i snitt, har Sandvik tidlegare opplyst.
Les også: Fyrste smolten på plass i RAS-anlegg på sjøvatn
Anlegget består og mellom anna av eit kontorbygg som tidlegare var eit båtverft. Dette skal framover pussast opp og i tillegg til kontorbygg brukast til fôrlager.
Det er prosjektert tre modular med same storleik og teknologi på staden.