Får nei til 100 tusen-tonns landbasert anlegg
– Fjorden toler ikkje meir.
Det meiner i alle fall statsforvaltaren i Vestland som har avslått Alsaker Fjordbruk sin søknad om utslippstillatelse til et landbasert anlegg.
– Det er søkt om ein svært stor produksjon med store utslepp til Onarheimsfjorden og Kvinnheradsfjorden. Tilstanden i Onarheimsfjorden er i dag god, men det er forventa stor auke i utslepp frå akvakulturanlegg som allereie har løyve til utslepp til fjorden. Effekten av desse utsleppa er usikker, skriv Statforvaltaren i sitt vedtak.
Dei peiker på at utslepp frå Nedrevåge vil komme på toppen av allereie gitte løyver.
– Oksygenkonsentrasjonen i djupvatnet i Hardangerfjorden har hatt ei negativ utvikling over mange år. Auka organiske utslepp til fjorden vil saman med temperaturauke bidra til å forsterke den negative trenden for oksygen i djupvatnet. Auka risiko for eutrofiering kan forsterke dei negative effektane på økosystemet.
Dei skrirv vidare at som følgje av store sinkutslepp til Hardangerfjorden er tilstanden for sink i djupvatnet på eit kritisk nivå, og fleire vassførekomstar ser ikkje ut til å nå måla som er sett i Vassforskrifta. –
Utsleppa som det vert søkt om ved Nedrevåge vil auke den samla belastninga på Hardangerfjorden. Vår vurdering er at ei auke i utslepp til ein resipient som allereie er belasta ikkje er forsvarleg. Etter ei samla vurdering avslår difor Statsforvaltaren søknaden frå Alsaker fjordbruk AS om løyve til akvakultur ved lokalitet Nedrevåge i Tysnes kommune.
100 000 tonn
Alsaker fjordbruk AS hadde søket om løyve til ein årleg produksjon på 100 000 tonn av laks og aure ved Nedrevåge.
Forventa fôrforbruk er 115 000 tonn.
Produksjonen var tenkt drevet i (RAS I.
– Ved fullt utbygd RAS I-anlegg trengst ei middel spedevassmengd på 110 m³ /min. Avløpsvatnet frå produksjonen skulle reinsast gjennom mekanisk filter.
Alsaker søkte difor om ei utsleppsramme med årlege utslepp til sjø på 5 014 tonn nitrogen, 867 tonn fosfor og 10 319 tonn total organisk karbon (TOC), og spesifikke utslepp per tonn produsert fiskebiomasse på 50,1 kg nitrogen, 8,7 kg fosfor og 103 kg totalt karbon.
Søknaden skisserte produksjon i 126 oktogonale 20 m kar som tek opp det meste av plassen på
næringsarealet. Med denne kapasiteten er det rekna at maksimal ståande biomasse (MTB) kan bli
rundt 29 000 tonn.