Helge Bakke er død
Den tidlegare settefiskprodusenten Helge Bakke døde 25. april i ein alder av 75 år etter meir en 30 år med lungesjukdom.
Bakke og familien eigde og dreiv eit settefiskanlegg i Brunsvik like aust for Måløy med gode resultat frå tidleg på 1980-talet og fram til det vart stengd ned av styresmaktene rundt tusenårsskiftet. Stenginga var som følgje av at det skulle ha vore påvist VHS-virus i ei rutineprøve frå frisk fisk, ei diagnose som seinare vart trekt tilbake.

I tillegg til å drive klekking og settefiskproduksjon av regnbogeaure, har Bakke vore sjømann og dreiv også eit gardsbruk med sauehald.
Han etterlet seg kone, ei dotter og svigerson, samt to barneborn.
Helge Bakke vert gravlagd i Totland kyrkje på Bryggja tysdag 6. mai.
For familien hans,
Hogne Bleie