Formannskapet meiner at Ænes inkubator skal få utvida produksjonen. (Biletet er frå grunnsteinsnedlegginga tidlegare i år).
Formannskapet meiner at Ænes inkubator skal få utvida produksjonen. (Biletet er frå grunnsteinsnedlegginga tidlegare i år).

Kommunen støttar utviding av Ænes Inkubator

Formannskapet i Kvinnherad kommune meiner Ænes inkubator sine løysingar er så framtidsretta, at dei samrøystes støtta ei utviding av settefiskanlegget.

Publisert Sist oppdatert

Det er dei tre lakseoppdrettarane Lingalaks, Eide Fjordbruk og Tombre fiskeanlegg som alle har hovudkontor i nabokommunar som har investert trekvart milliard i settefiskanlegget som ligg på Ænes i Kvinnherad kommune.

Ænes Inkubator har i dag løyve til produksjon av inntil 20 millionar fisk, 3075 tonn biomasse og eit fôrforbruk inntil 3220 tonn. No søkjer dei om å utvida til 21 millionar settefisk, 11 800 tonn biomasse og eit fôrforbruk inntil 12 100 tonn.

Ænes Inkubator:

  • Er eigd av oppdretterane Eide Fjordbruk, Lingalaks og Tombre Fiskeanlegg.
  • Byggjestart «on site» var oktober i 2020
  • Den fyrste rogna vart satt inn i anlegget 12. mai 2022.
  • Anlegget skal etter planen ferdigstillast desember i 2022
  • Det er fem RAS pluss klekkeri og 4 RAS leverast med ZWC (zero water change) teknologi. 99,9 prosent resirkuleringsgrad
  • 3000 tonn årleg produksjon
  • Smoltstørrelse opp til eitt kilo
  • Komplett prosessanlegg inkl. vassbehandling inntaksvatn varme/kjøl system, slambehandling og salt-system
  • «Nøkkelferdig» leveranse av Akva group Land Based i samarbeid med Veidekke (bygg og betong

- Større smolt

Kvinnherad kommune har fått saka til uttale, og kommunedirektøren innstilte på å seia ja slik det er omsøkt, skriv Grenda lokalavis.

«Utviding av anlegg med ny teknologi vil betre fiskevelferda. Det vert produsert større smolt, og på den måten vert produksjonstida i sjøen redusert. Det vert òg sikrare i høve til rømming», heitte det i saksutgreiinga. Der vert det også håpa på fleire arbeidsplassar som følgje av utvidinga.

Les også: Då var den fyrste rogna satt inn hos Ænes Inkubator

Slik framtida krev

Lokalpolitikarane let seg begeistra.

– Det er bra at dei satsar på matproduksjon og at fisken skal vera lenge på land. Så eg vil eigentleg heia på dei. Og så føreset eg at dei ikkje forureinar og tek omsyn til at det er ei verna elv, sa Hege Lægreid Røssland (SF).

Også Ove Lemicka støtta planane, og kalla det ei godsak.

– Det vert ingen ytterlegare inngrep i elva. Smolten skal vera lenger på land, så dei gjer akkurat det miljørørsla har bede om, vurderte han.

Leif Sverre Enes (H) hadde mykje godt å seia om Ænes inkubator og eigarane deira.

– Dette er nokre av dei mest miljøbevisste oppdrettarane i landet. Noko av det reinaste oppdrettet av laks, føregår på Ænes og Fureberg. Dette er seriøse folk som driv oppdrett på den måten framtida krev, analyserte han.

Uttalen vart samrøystes vedteken.