Mowi ser seg no nøydd til å revurdera planane i Øyerhamn på Varaldsøy i Kvinnherad kommune.

Mowi: – Alle planlagde prosjekt vert no revurderte

Mowi sine store utbyggingsplanar på Varaldsøy i Kvinnherad kommune er no ute på høyring. Men dei nye skattereglane gjer at selskapet vil vurdera dette og alle andre prosjekt på nytt.

Publisert Sist oppdatert

Mowi har sendt søknad om å utvida kraftig i Øyerhamn på Varaldsøy. Tanken er å endra frå 2,5 millionar stykk settefisk og 250 tonn produksjon i året, til opp mot 15 millionar settefisk og inntil 6600 tonn levert mengde fisk årleg. Dette skal også resultera i fleire arbeidsplassar.

Planen var å rive det gamle gjennomstraumingsanlegget, og byggje eit RAS-anlegg i staden.

Men så kom regjeringa sine nye skattereglar, som oppdrettsnæringa har reagert sterkt på. Mowi er ikkje noko unnatak.

- Med dette forslaget blir alle våre planlagde prosjekt no revurderte. Mowi har tidlegare vedteke å satsa stort på utbygging av post-smolt produksjon på land for å vidareutvikla og auka produksjonen vår. Øyerhamn er eitt av desse prosjekta. Forslag om grunnrente som no er lagt fram av regjeringa, vil sjølvsagt påverka våre vurderingar rundt alle investeringar, opplyser Børge Takvam, produksjonssjef ferskvatn i Mowi ASA region sør til Grenda.

Allereie særskattar

Han meiner skatten vil utgjera ein drastisk auke i kostnadane for bransjen.

- Dette vil føra til at ei rekke investeringar blir stoppa og den norske næringa sin internasjonale konkurransekraft blir svekka. Fjordane kan ikkje flyttast, men dei kan vera tomme for oppdrettsanlegg. Då får ikkje dei norske leverandørane, slakteria eller dei andre selskapa som er knytt til næringa nyta godt av ringverknadane. For kvar arbeidsplass som blir skapt på merdkanten, blir det skapt tre i ringverknader i lokalsamfunna, kommenterer Takvam.

Han understrekar at næringa, inkludert Mowi, allereie betalar fleire særskattar for å kompensera for bruk av fellesskapet sine ressursar.

- Det skal vi fortsetja med, men forslaget som no ligg i bordet frå regjeringa er svært dramatisk, og vil nok dessverre få konsekvensar for utviklinga av næringa framover, analyserer Børge Takvam.