Sterkt resultat for Osland Settefisk 

Osland Settefisk har fem RAS-avdelingar med moving bed-teknologi.

Osland Settefisk leverte eit sterkt resultat i 2024. Auka produksjon og betra drift bidrog til at både omsetning og lønnsemd tok eit solid steg opp samanlikna med året før. 

Publisert Sist oppdatert

Osland Settefisk sitt produksjonsanlegg ligg på Sørebø, der det blir satsa tungt på landbasert aureproduksjon i RAS-anlegg.

Tal LandbasedAQ har henta frå årsregnskapet viser at settefiskprodusenten omsetning endte på 120,9 millionar kroner, og driftsresultatet var på 23,4 millionar, opp frå 9,7 millionar året før. Årsresultatet vart 14,2 millionar kroner, samanlikna med 1,3 millionar i 2023. Dette gir ein driftsmargin på 19,4 prosent, opp frå 8,2 prosent året før.

Full effekt av aureproduksjon

Styreleiar Erik Osland, meiner fjoråret viste full effekt av satsinga på landbasert aureproduksjon.

Osland Settefisk har spesialisert seg på oppdrett av regnbogeaure og produserte rundt 950 tonn i 2024. Anlegget har 13 tilsette og brukar moving-bed (MMBR) teknologi i alle sine fem RAS-avdelingar, levert av Pure Salmon Technology.

– Me er veldig fornøgde med resultatet for 2024 og dei betringane vi ser frå tidlegare år. Fjoråret vart første året vi fekk full effekt av 100 % aureproduksjon i landanlegget. Tidlegare år har vore innkøyring, og no fungerer alt veldig bra, seier styreleiar Erik Osland.

Han legg til at resultata i 2022 og 2023 også var sterkt negativt påverka av ekstremt høge straumprisar, då anlegget ligg i region fem.

– Dette er også første året utan settefiskanlegget på Leikanger, som no blir drifta under Osland Genetics og har spesialleveransar av stamfisk-rekruttar i si smoltproduksjon, seier Osland. 

Osland Settefisk:

Tall i millioner kroner 2024 2023
Omsetning121119
Driftsresultat2321
Driftsmargin19%18%
Res.f.skatt182
EK-andel %44%46%

Nøkkeltall for 2024 og 2023:

God start på 2025

På spørsmål om kva som er hovudårsaka til resultatauken i 2024 samanlikna med året før, svarar han:

– Me har ein produksjon med 100 % aure og eit anlegg som er godt innkøyrt. Me har no 10 års erfaring med RAS, og den nye hallen «Kloven» er også godt innkøyrt. I tillegg har me ein fantastisk god organisasjon som har blitt veldig dyktig på drift av landanlegg og RAS.

Osland fortel at 2025 har starta svært bra. 

– Me forventar god drift og levering av super auresmolt til gode kundar. Me reknar med ein auke på 10 % i 2025 og dermed opp i 950 tonn, med tilsvarande lønnsemd.

Investerer i ny yngelfabrikk

Han opplyser vidare at selskapet i 2024/25 investerte i ein ny yngelfabrikk med kapasitet på 4–5 millionar yngel fordelt på fire rogninnlegg.

– Målsettinga er å utnytte kapasiteten godt og kunne levere aureyngel både internt og eksternt. 

Selskapet har sendt inn søknad om kapasitetsauke frå 1000 til 2500 tonn, og Osland forventar snarleg avklaring. 

– Får me tillatelsen, ynskjer me å byggje om den avdelinga som har gjennomstrøyming til RAS. Gjer me det, kan me byggje eit nytt stort RAS-anlegg for å nytte utvida løyve, seier Osland.

Biologiske fordelar med aure

Styreleiaren meiner at satsinga på 100 % aure har store biologiske fordelar.

– Me har gode resultat på landanlegg, men størst effekt ser me i sjøfasen der auren leverer på Mattilsynet sine mål for overleving. Det er svært bra, og mange fiskeoppdrettarar er nysgjerrige og vil prøve aure i sine matfiskanlegg, avslutter han.